FORENINGSPORTAL Foreninger i Vanylven

Fiskå Idrettslag

Andre lag 

Fiskå Idrettslag er ein aktiv organisasjon med varierte tilbod til born, unge og vaksne. Vi driv blant anna barnetrim for ulike aldersgrupper, gymsalkameratane (herretrim), aerobic&tabata, amrap, seniortrim dame, seniortrim herre, volleyball, basketball, badminton, familielaurdag i hallen, trimrom, skiløyper og fjelltrim. Vi ynskjer alle velkomne til å bli med!

Fiskå musikkorps

Korps og kor 

Fiskå musikkorps er eit generasjonskorps, med brass-besetning. Vi har Fiskå skulekrets som grunnlag, men vi tar imot musikantar frå heile Vanylven kommune. 

Grendalaget Åram

 

Grendalaget har til oppgave å arbeide for krinsens vel; kulturelt, sosialt, økonomisk m.m. Og likeeins legge planer for utvikling som kan betre desse tilhøva.  Laget har som føremål å vere ein samordnande faktor mellom lag og organisasjonar i krinsen og ein bindelekk mellom lokalsamfunnet og det offentlege.  Stikkord kan vere: eit talerør, ein idebank, ein trivselsfaktor.  ( Dette er henta frå laget sine vedtekter)

HLF Ytre Sunnmøre

 

HLF står for Hørselshemmedes LandsForbund. Lokallaget HLF Ytre Sunnmøre femner om dei 5 kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid og tilbyr tenester til personar med høyrselsutfordringar på Ytre Sunnmøre. Saman vert vi høyrde!

KFUK-KFUM Syvde

Religiøse foreninger 

sosiale samvør ca ein gong i månaden, ein basar i året. Vi eig forsamlingshuset "Fredtun" og leiger der ut til rel. møte, minnesamvær, ulike selskap, val etc.

Kosterikjedagene

Arrangementer 

Ei årleg kultur- og kunsthelg som arrangerast i Syvde kvar vår i mai/juni. På programmet står mellom anna musikk-konsertar, moteshow, sal av kaffe og kaker, opne salsboder, kunstutstilling, aktivitetar for barn med meir. 

LUPE Vanylven

Andre lag 

LUPE Vanylven arbeider blant anna for å skape møtestadar og aktivitetar for dei utviklingshemma og deira pårørande. Vi har mange aktivitetar gjennom året. Lokal aktivitet som grillfestar, filmkveldar og Julebord. Vi har også tilbud om reiser og annan aktivitet. Andre som vil vere ein del av organisasjonen er også velkomne. LUPE Vanylven driver aktivt likepersonsarbeid.

Syvde Sogelag

Historielag 

Laget har til formål å vekkje og nøre sansen for slekt, segn og soge, oldsaker, gamle hus m.m., og få folk til å ta vare på alle minne om fortid og forfedrar.

Sørbrandal Vel

 

Velforening for gamle Sørbrandal skulekrins og ansvarleg for forsamlingshuset Fredheim. Huset kan leigast av private til ulike samkomer. Ta då kontakt med leiar på tlf.94078042.

Vanylven husflidlag

Kunst og kultur 

Lokallagene i Norges Husflidslag er for alle som liker å skape med hendene, fordype seg i tradisjonshåndverk eller lære noe nytt i fellesskap med andre. Her arrangeres kurs og aktiviteter i et bredt spekter av håndverksteknikker, for ulike nivåer og aldersgrupper.

Vanylven Hagelag

Andre lag 

Vanylven hagelag er ope for alle som syns det kjekt å styre i hagen, dyrke eit kvart eller berre har ei blomsterkrukke på verandaen 🌼🌼🌼

2024 © Foreningsportal