Kafé Tynnaknuten
Mat og drikkeKafe kvar fredag mellom kl.12.00 og 16.00. Vi serverer fersk gjærbakst og kaker og naturlegvis nykokt kaffe m.m Vi held til på ein liten gard med dyr som alpakka, gris og høner. Gardsbutikken er open dagleg med sjølvbetjening, ofte er vi i nærleiken, stikk innom!. Vi held til på Tynnaknuten gard, Syvdsnes på Rovde, i eit gamalt gardshus frå 1903. Garden ligg fredfullt til, i vakker natur på Syvdsneset der tre fjordar møtast. Vi tilbereder maten din på AGA ovn, og nyttar berre økologiske råvarer frå garden og nærområdet. Hit kan du kome for å slappe av ved den fagre Rovdefjorden, nyte den fredfulle atmosfære og slå av ein prat med bygdefolk. I hardt vær fyrer vi inne og fasinerast av kreftene her ute mot Stadt.